Søk på Folkemusikkstipend

Hordaland Ungdomslag Dans, Musikk, Ymse

Hordaland fylkeskommune gjev ut fleire stipend til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans. Søknadsfristen i år er 1. juni. Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar, og deg som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå og kjennskap til feltet. Søkjar må vere busett i Hordaland. Folkemusikkstipend …

Årsmøtereferat 2018

Hordaland Ungdomslag Organisasjon

ÅRSMØTE HORDALAND UNGDOMSLAG 2018 Åsatun, 18. mars 2018, kl. 12:00 Frammøtte: Styret i HU: Øystein Rambjørg, Strilaringen; Irene Bjørke, Bergen ungdomslag Ervingen; Lisbeth T. Liland, Fana ungdomslag; Oddrun E. Larsen, Strilaringen; Hilde Jordahl, Åsane ungdomslag; Lokallagsrepresentantar: Torgrim Ljones, Bergen ungdomslag Ervingen; Ida Haugen Skulstad, Nordbygda ungdomslag; Hanne Yndestad Aadland, Nordbygda ungdomslag. Andre: Annbjørg Fadnes Kyrkjebø, rekneskapsførar; Thomas Kristianssen, UngVest. Før …

Vel møtt til Fylkesstemna for born 15. – 17. juni 2018

Hordaland Ungdomslag Dans, Fylkesstemna, Musikk, Teater

Hordaland ungdomslag skipar til fylkesstemna for born helga 15. – 17. juni 2018. Me vil med dette invitera alle lag til ei fin helg på Dyrkolbotn leirskule/fjellstove i Lindås kommune. Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument eller held på med anna aktivitet. På stemna vert det ulike aktivitetar, dans, disco, uteaktivitetar, kiosk, underhaldning, ballspel, …

Årsmøte 2018

Hordaland Ungdomslag Organisasjon

Hordaland UL sitt årsmøte vert sundag den 18. mars 2018, kl. 1200 i Åsatun i Åsane, like ved Gullgruven. Her finn du årsmøtepapira: Sakspapir til HU-årsmøtet mars_2018 Framlegg om endring av organisasjonsstruktur og føresegner

Vinterleir for ungdom

Hordaland Ungdomslag Dans, Teater

Ungdomsringen i Bergen ungdomslag Ervingen og Mjeldalen Ungdomslag inviterer alle danse- og eller teaterglade ungdomar til ei samling; for å bli kjende, dansa folkedans og spela teater. I løpet av helga vil deltakarane delta på anten dansekurs elle teaterkurs, spela spel, sova lite, ha det veldig kjekt! Kom åleine eller saman med ein ven! Ingen krav til nivå. Tid: 16.–18. …

Gratulerar til vinnarane av årets folkemusikk- og folkedansstipend

Hordaland Ungdomslag Dans, Musikk

Det er andre året at Hordaland fylkeskommune sitt stipend for folkemusikk og folkedans vert utdelt. Det vart utdelt eitt hovudstipend, og to mindre stipend på kr. 25.000,- Hovudstipendet på kr. 50.000,- vart tildelt kvedaren Berit Opheim frå Voss. Juryen seier følgjande om tildelinga: «Berit Opheim frå Voss er ein av landets aller fremste vokalistar, folkesongarar og tradisjonsberarar. Ho har vunne Landskappleiken 4 …

Søk folkemusikk- og folkedansstipend 2017!

Hordaland Ungdomslag Dans, Musikk, Ymse

Søknadsfristen for Hordaland Fylkeskommune sine folkemusikk – og folkedansstipend i 2017 er 1. juni. Satsinga skal oppmuntra til kunstnarleg utvikling og å styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv. Stipenda vart delte ut for fyrste gong under Osafestivalen i 2016. Då fekk Alexander Aga Røynstrand hovudstipendet på 50 000 kroner og Kristoffer Kleiveland og Borghild Marie Opdahl stipenda på 25 …

Minneord etter Brit Mary Heggeli

Hordaland Ungdomslag Organisasjon, Ymse

Like over nyåret fekk styret og nemnder i Hordaland ungdomslag (HU) den triste meldinga om styreleiar Brit Mary Heggeli sin bortgang den 1. januar 2017. Dette etter at ho tapte kampen mot kreftsjukdomen som vart oppdaga hausten 2015. Det er med vemod eg tenkjer attende på hausten 2007 og tida fram mot årsmøtet i HU vinteren 2008. Eg var medlem …

Seminar for instruktørar innan folkemusikk og folkedans

Hordaland Ungdomslag Dans, Musikk

24.-25. mars skipar hardingfela.no i samarbeid med Hordaland Folkemusikklag og Hordaland Ungdomslag til seminar for kulturskulelærarar, instruktørar og andre som er interesserte i folkemusikk og folkedans. Seminaret er meint som fagleg påfyll, inspirasjon og ikkje minst ein møtestad for instruktørane for debatt og erfaringsutveksling. Fredags kveld vert ein meir generell del om rekrutteringsarbeid før me tek eit meir djupdykk i …

Fylkesstemna for born 2017!

Bergen ungdomslag Ervingen Dans, Fylkesstemna, Musikk, Organisasjon, Teater, Ymse

Vel møtt til Fylkesstemna for born 9.-11. juni 2017  Bergen ungdomslag Ervingen, saman med Hordaland Ungdomslag skipar til fylkesstemna for born helga 9.-11. juni 2017. Me vil med dette invitera alle lag i Hordaland til ei fin helg i Bergen. Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument, eller held på med anna aktivitet. På stemna …