Vinnarane av Hordaland sine folkemusikk- og folkedansstipend

Hordaland Ungdomslag Dans, Musikk

Under Osafestivalen vart årets folkemusikk- og folkedansstipend for Hordaland tildelt Knut Hamre, Amalie Kinsarvik Tvilde og Åsmund Øydvin.

Det er rådet for hardingfela.no som har innstilt vinnarane. Dei var samde om at det var særs høg kvalitet på søknadane som kom inn i år. Innstillinga var einstemmig.

Knut Hamre er fødd i 1952 og fekk stipendet på bakgrunn av søknaden: «Innsamling, innøving og formidling av hardingfeleslåttar frå Ullensvang og Odda». Han fekk stipendet under Osafestivalen på Voss laurdag kveld.

Frå innstillinga:
«Knut Hamre frå Granvin er ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i landet. Hamre har vunne landskappleiken, hardingfele klasse A, heile sju gonger. Han vart tilsett i den fyrste folkemusikkgruppa i Hordaland fylke og verka som fylkesmusikar frå 1992 til 1994. Sidan 1975 har han turnert Noreg rundt, og han har delteke på festivalar og konsertar over heile verda. Han har samarbeida med kunstnarar i fleire genrar, og han har gjeve ut ei rekkje plater både som solist og saman med andre. Boka ”Å vera ingenting” skriven av Benedicte Maurseth er basert på intervju med Knut Hamre og skildrar meister – elev-situasjonen. Han er ein særs omtykt pedagog og har lagt ned eit stort arbeid for born og unge både i kulturskulane og i Hardanger spelemannslag. No er han mellom anna hovudlærar i Master Class Hardangerprogrammet gjennom hardingfela.no, og kring 50 elevar har vore med gjennom 5 år med undervisning. Utøvarar frå heile verda kjem til Granvin for å læra av meisteren sjølv. I 2017 vart han utnemnt som Kommandør av den Kongelege St. Olavs Orden for sitt framifrå arbeid med den norske folkemusikken. Hamre har jobba i 3 år med å samla og øva inn alt som er av slåttemusikk på hardingfele i Granvin herad. Dette er slåttar han har lært av t.d. Anders Kjerland, Håvard Kvandal og Einar Spildo. Han har søkt og funne slåttar i arkiv, t.d. Arne Bjørndal samling i Bergen og Norsk Folkemusikksamling i Oslo. Etter innøving har han han spelt slåttane inn i Audun Strype Lydstudio i Oslo. Til saman har han spelt inn 104 slåttar. Musikkforlaget Grappa gjev ut dette i ein cd-boks med plateslepp 22. september i år. Attåt slåttane så er det samla inn mykje skriftleg materiale. No ynskjer Hamre å jobba vidare med å gjera det same med slåttane i Odda og Ullensvang, og vil bruka stipendet til innsamling og innøving. Dette er eit særs viktig dokumentasjonsarbeid som vil vera verdfullt både for no- og ettertida.»

Samstundes som Knut Hamre fekk hovudstipendet, fekk to utøvarar under 30 år 25 000 kr kvart sitt Folkemusikk Ung-stipend.

Amalie Kinsarvik Tvilde (f. 1994):
«Amalie Kinsarvik Tvilde frå Kinsarvik i Ullensvang herad er ein særs dyktig toradarspelar. Ho har gått tre år på landslina for folkemusikk på Vinstra med Tom Willy Rustad som hovudlærar. No har ho akkurat byrja å studera på Ole Bull Akademiet. Ho har vunne Landskappleiken og er utan tvil ein av dei me kjem til å høyre mest i frå når det gjeld utøving på toradar framover. Satsinga hennar dei siste åra har vore å setje seg inn i hardingfeletradisjonen frå Hardanger og overføra dette til toradar. Dette er noko ho har lukkast veldig godt med. Tradisjonelt sett har det vore vanskeleg for toradarutøvarar å læra direkte frå hardingfele på grunn av at toneartane til dei ulike instrumenta ikkje stemmer overeins. Det er 3-4 utøvarar i landet som har løyst dette med å få spesialbestilt toradar som høver godt saman med hardingfele (stemt i H/E). Amalie ynskjer å bruka stipendet som ein del av finansieringa av ein slik toradar slik at ho kan læra direkte frå hardingfelespelarar og kan fordjupe seg vidare.»

Åsmund Øydvin (f. 1993):
«Åsmund Øydvin tek lærarutdanning i Bergen og har også ein bachelor i folkehelse. Han er ein aktiv dansar i Ulvik Folkelore og har vore instruktør på fleire kurs. Han ynskjer å fortsetje med formidling av folkedans og danseglede både gjennom framsyningar og ved å vera instruktør, men treng påfyll for å verta endå betre. Stipendet ynskjer han å bruka til å ta danse – og instruktørkurs, mellom anna Noregs Ungdomslag sitt instruktørkurs. Me treng fleire gode og inspirerande danseinstruktørar for å jobba vidare med folkedansen i Hordaland og meiner difor det er viktig at Åsmund får denne mogelegheita til å fordjupa seg.»

Om Hordaland fylkeskommune sine folkemusikkstipend
Stipenda skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og å styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv. Stipenda er meint å gje høve til ein periode med fordjuping og/eller fagleg påfyll og utvikling.

 

Foto: Knut Utler. Tekst og bilete er henta frå Hordaland fylkeskommune sine nettsider.