Den livsviktige leiken

Hordaland Ungdomslag Dans, Musikk

Born og unge har ein kvardag fylt av stress og prestasjonsjag. Astri Sudmann brenn for å skape trygge og rause oppvekstmiljø, og meiner løysinga kan vere enkel: Meir leik.

Sudmann vil gjerne løfte fram dei gode, gamle songleikane. I fleire år har ho samla songleikar, og no presenterer ho eit utval i boka: «Syng og leik i lag. 65 songleikar for store og små», utgitt på Selja Forlag. Der er alle leikane utstyrt med notar, tekst, bilete og enkel rettleiing.

– Songleik gjeld ikkje prestasjon, men meistringsglede og gode opplevingar.   Du treng ingen erfaring frå dans og alle kan vere med. Du må heller ikkje ha dyrt utstyr for å gå i gang, seier Sudmann.

Ho jobbar til dagleg i barnevernet, men reiser i tillegg rundt med den kulturelle skulesekken og er timelærar i dans ved Ole Bull Akademiet på Voss.

– Det er stort fokus på nulltoleranse for mobbing både i barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Samstundes veit vi at mange born og unge er einsame og ulukkelege. Gjennom å leke, synge og le saman utløyser vi positiv energi og skapar gode opplevingar på tvers av alder og kultur. Glade kroppar gir livsglede, seier Sudmann.

Hun underviser mellom anna studentar som er på veg ut i jobb i skule og barnehagar, og opplever at mange får ei aha-oppleving i møte med songleikane.

– Nokre av studentane kjem gjerne til timane mine med ein viss skepsis. Dei tenkjer kanskje at songleik er barnsleg eller kjedeleg, og dei vil helst ikkje ta på kvarandre. Men eg opplever at dei fleste går frå timane med ei god oppleving, og mange seier at dette vil dei ta med seg vidare, fortel Astri.

Hun liker også at songleikane inviterer til fysisk aktivitet utan å fokusere på konkurranse.

– Konkurranse og krav blir stadig ein større del av kvardagen. Gjennom songleik er vi i fysisk aktivitet men slepp å samanlikne oss med dei andre eller streve for å vere best. Slik skapar vi tryggleik og glede i dei fellesskapa vi er ein del av, seier Sudmann.

Og då tenkjer ho ikkje berre på skular og barnehagar.

– Songleiken fungerer like bra for ungane i gata, som på familiefestar – og ikkje minst på eldresenteret. Og ekstra moro blir det når born, ungdom og vakse leiker saman!

 

 

 

 

 

 


– Eg er overtydd om at songleikboka er eit produkt verda treng,
seier den ferske forfattaren Astri Sudmann.

Foto og bilete: Selja forlag / Astri Sudmann

Boka kan tingast direkte hjå Astri Sudmann via hoastri [alfakrøll] sudmann.no.