Lov og styringsføresegner

Lov for Hordaland Ungdomslag

§ 1 Føremålet

  1. Hordaland Ungdomslag skal arbeida for å styrkja den frilynde ungdomsrørsla i Hordaland i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.
  2. Hordaland Ungdomslag skal vera eit fast bindelekk mellom ungdomslaga og mellom ungdomslaga og Noregs Ungdomslag. Særleg skal fylkeslaget ha ansvar for å fremje sams kulturelle og økonomiske føremål, skipa nye lag og koma med nye tilbod til ungdom gjennom ungdomslaga.

§ 2 Medlemskap

  1. Hordaland Ungdomslag er med i Noregs Ungdomslag og godkjenner lovane og føresegnene til landslaget. Alle ungdomslaga og andre lag i Hordaland som vil arbeida i samsvar med føremålet til Noregs Ungdomslag og som har lover som er godkjend av fylkeslaget, kan verta med i Hordaland Ungdomslag.
  2. Hordaland Ungdomslag kan ta opp einskilde medlemar beinveges der det ikkje er lag i Hordaland Ungdomslag.

§ 3 Årspengar

  1. Medlemane i ungdomslaga og beinveges innmelde medlemar skal betala til Noregs Ungdomslag dei årspengane som er vedteke på årsmøta i Hordaland Ungdomslag og Noregs Ungdomslag.

§ 4 Årsmelding

  1. Arbeidet i Hordaland Ungdomslag og i lokallaga skal fylgja kalenderåret.
  2. Ungdomslaga sender årsmelding til fylkeslaget og til Noregs Ungdomslag innan 15. februar.
  3. Fylkeslaget sender årsmelding til Noregs Ungdomslag innan 1. april.

§ 5 Årsmøtet

  1. Årsmøtet skal haldast kvart år innan 25 mars. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller 1/3 av alle ungdomslaga krev det.
  2. Lokallaga som hadde inntil 50 medlemar i meldingsåret har rett til 2 utsendingar til årsmøtet. Deretter 1 utsending for kvar påbyrja 50. medlem. Ikkje noko lag kan ha meir 5 utsendingar.
  3. Lokallaga som har sendt årsmelding og har betalt årspengar, har rett på utsendingar.
  4. Utsendingar frå lokallaga skal veljast på årsmøtet eller eit lagsmøte.
  5. Årsmøtet vel leiar, 4 faste styremedlemar og 2 varamedlemar til styret. Leiar vert valt
    for éitt år om gongen, og dei faste styremedlemane vert valde for 2 år. Ein skal freiste å velje 2 styremedlemar i partalsår og dei 2 andre i oddetalsår, slik at ein får overlapp. Ein skal òg velje medlemar til Barne- og ungdomsnemnda; Éin representant for Barne- og ungdomsnemnda skal samstundes vera medlem av styret. Varamedlemane vert valde for eitt år om gongen.
  6. Årsmøtet vel utsendingar til årsmøtet i Noregs Ungdomslag.
  7. Årsmøtet vel éin representant med personleg vara til styret i Hardanger folkemusikksamling.
  8. Årsmøtet skal ta stode til årsmelding, revidert rekneskap, arbeidsprogram, budsjett og andre saker som styret legg fram.
  9. Innkalling til årsmøtet skal sendast ut minst ein månad føreåt saman med sakliste. Saker einkvan vil ha med på saklista til årsmøte må vera styret i hende innan 1. februar.
  10. Røysterett har styret i fylkeslaget, og utsendingar frå lokallaga når dei har betalt årspengane for meldingsåret.

For val og vedtak gjeld dei same reglane som for årsmøtet i Noregs Ungdomslag.

§ 6 Arbeidet til styret

  1. Styret vel seg imellom nestleiar, skrivar, kasserar og tilset dei tenestefolk årsmøtet har gjort vedtak om. Styret fastset løner og arbeidsvilkår for tilsette. Styret skal seg imellom fordele særlege ansvarsroller for oppfølging og rådgjeving innan arbeidsområda bunad, leik (folkedans, folkemusikk) og teater. Styret skal seg imellom utnemne 1 representant for fylkeslaget i rådet for Hardingfela.no.
  2. Styret leier arbeidet i fylkeslaget. Det har og ansvar for arbeidet i valnemnder og barne- og ungdomsnemnda, og kan oppnemne andre nemnder og arbeidsgrupper etter behov.
  3. Styret rår over eiga, og skal driva laget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med budsjettet.
  4. Styret skal godkjenna lovene til lokallaga.
  5. Styret, ved underskriftene til leiaren og eit styremedlem eller ein tilsett, bind fylkeslaget i økonomiske saker.
  6. Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemar er tilstades, mellom desse må vera leiaren, eller nestleiaren når leiaren har forfall. Står røystene likt, er røysta til leiaren avgjerande. Styret skal føra vedtaksprotokoll.

§ 7 Trygging av eiga

  1. Blir fylkeslaget lagt ned, skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at eventuell formue blir nytta til å slette gjeld. Eventuell restformue etter dette skal bli nytta til beste for lokallaga som er tilknytt fylkeslaget. Om styret ikkje gjennomfører oppløysing av laget innan 6 månader etter nedlegging, skal Noregs Ungdomslag gjennomføre oppløysinga. Enkeltmedlemar i fylkeslaget eller lokallaga har ikkje krav på medel eller delar av desse.
  2. Blir eit lokallag lagt ned, skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at eventuell formue blir nytta til å slette gjeld. Ev. restformue etter dette skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden. Om laget ikkje gjennomfører oppløysing av laget innan 6 månader etter nedlegging, skal Noregs Ungdomslag gjennomføre oppløysinga. Medlemar i lokallag har ikkje krav på medel eller delar av desse.
  3. Lova til Noregs Ungdomslag gjeld når ein skal avgjerda om eit lag er lagd ned eller har skifta øremål.
  4. Kostnadane med styringa av eiga skal berast av eiga.
  5. Ungdomshus, anna fast lagseige og lutar i fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag. Det same gjeld bortleige på åremål av ungdomshus og anna fast lagseige.

§ 8 «Hardangerjol»

  1. Styret i fylkeslaget er ansvarleg utgjevar av joleheftet Hardangerjol. Joleheftet skal vera eit ungdomslagsblad. Årsmøtet vel eit skriftstyre med leiar, fire medlemar og 1 varamedlem til. Det vert ført eige rekneskap. Førebels rekneskap for meldingsåret vert lagt fram årsmøtet, revidert rekneskap vert lagt fram for årsmøtet året etter.
  2. Reservekapital/driftskapital bygd opp gjennom mange driftsår skal stå som kapital som sikrar drift av joleheftet. Eventuell overføring av driftsoverskot til fylkeslaget det einskilde driftsåret, kan berre skje dersom reservekapital/driftskapital overstig produksjonskostnadane til joleheftet.
  3. Ved eventuell nedlegging av Hardangerjol skal 50 % av eiga, etter at all gjeld er betalt, delast likt mellom ungdomslaga i ”gamle” Hardanger Ungdomslag som framleis er medlem i Noregs Ungdomslag. Resten skal gå til fylkeslaget.

§ 9 Lover og føresegner

  1. Lover og føresegner for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve i fylkeslag eller organisasjonen generelt gjeld for Hordaland Ungdomslag.
  2. Framlegg til lovendring må kunngjerast for lokallaga minst 1 månad før årsmøtet. Årsmøtet kan då vedta framlegget med 2/3 røystefleirtal.
  3. Endring av lova må godkjennast av styret i Noregs Ungdomslag.

Til toppen

Styringsføresegner for styret

  1. Hordaland Ungdomslag er fylkeslag i Noregs Ungdomslag. Laget eig luter i desse samskipnadene:
    • Det Norske Teateret
    • Norsk Bokreiingslag
    • Hordaland Teater
    • Dag og Tid

    Og er dessutan med i desse organisasjonane:

    • Det Norske Teateret
    • SN-sambandet vestlandsavdelinga
    • Venner av det Norske Teateret
    • Norske 4H
    • Hardanger Folkemusikklag
    • Folkeakademiet Hordaland
    • Voksenopplæringsforbundet i Hordaland
    • Norsk amatørteaterråd sitt fylkesråd
    • UngVest

    Årsmøte kan melda fylkeslaget ut av desse samskipnadene med vanleg fleirtal, og inn i andre med vanleg fleirtal. Innmeldinga må godkjennast av styret i Noregs Ungdomslag.

  2. Styret i fylkeslaget tek opp nye lag og godkjenner lover og lovendringar. Når styret har teke opp eit lag som medlem, pliktar laget i betala dei årspengane til Hordaland Ungdomslag og Noregs Ungdomslag som årsmøtet i samskipnaden har fastsett. Dersom eit lag ikkje har sendt årsmelding og årspengar på 3 år, skal dei ikkje takast med i medlemslista. Styret i fylkeslaget avgjer kva som skal gjerast med eiga til laget i samsvar med lov for Hordaland ungdomslag §7, punkt 2.
  3. For å ivareta interessene til barn og unge under 26 år i fylkeslaget, skal årsmøtet velje ei Barne- og ungdomsnemnd. Nemnda skal ha éin leiar, to medlemar og eitt varamedlem. Årsmøtet vel leiar i nemnda og valet gjeld for 1 år om gongen. Dei to andre medlemane i nemnda vert valde for 2 år om gongen, der den eine vert valt i oddetalsår og den andre i partalsår. Varamedlemet vert valt for eitt år om gongen. Ein representant frå Barne- og ungdomsnemnda er samstundes medlem av styret. Alle medlemane i nemnda skal vera under 26 år.For 2 år om gongen vel årsmøtet 2 ettersynsfolk. Ein på val kvart år.HU skal ha ei valnemnd på 2 medlemar og leiar. Kvart partalsår vel årsmøtet 2 medlemar i valnemnda for to år, og kvart oddetalsår vel årmøtet éin medlem for to år. Desse skal så langt det let seg gjera vera frå forskjellege krinsar. For å få denne ordninga i gong, vart det i 2018 valt 3 medlemar, to for to år og éin leiar for eitt år. Kvart påføljande år vert det vald ein person som skal vera leiar for valnemnda av dei som har sete lengst i nemnda.
    • Medlemane i valnemnda skal vera frå 3 av krinsane (Sunnhordland, Indre Hardanger, Hardanger/Midthordland, Bjørgvin, Nordhordland og Voss). Verva i valnemnda skal rullerast mellom krinsane slik at alle krinsane vert representert i løpet av 3 år.

    Årsmøtet skal velja møtestyrar, møteskrivar, teljekorps og 2 til å skriva under årsmøteprotokollen. Likeins skal det veljast utsendingar med varamedlemar til årsmøte i Noregs Ungdomslag. Årsmøtet vel éin representant med personleg vara til styret i Hardanger folkemusikksamling.

  4. Styret tilset dei tenestefolka årsmøtet har gjort vedtak om. Styret rår over eiga til laget. Løyvingar til større og/eller nye tiltak skal leggjast fram for årsmøtet til avgjerd. Rekneskapen skal gjerast ferdig så tidleg at ettersynsfolka får høve til eit fullgodt ettersyn. Styret skal føra møtebok og senda årsmelding og utdrag av rekneskapen til lokallaga før årsmøtet.
  5. Styret vel utsendingar til årsmøta i dei lagsbruk laget har luter i, og utsendingar til årsmøta i dei samskipnader fylkeslaget er med
    i. Desse må veljast innan 1. september i samråd med nemndene der dette høver. Utsendingane sender møtereferat til styret.
    Styret skal skipa til lagsleiarmøte i valkrinsane. Leiaren i valnemnda har ansvaret for at valnemnda kjem i arbeid. Valnemnda skal seinast
    1.november senda eit oversyn til alle lag over dei tillitsfolka som årsmøtet skal velje, med oversyn over kven som er på val og kven som ikkje er på val.
    Styret kallar saman dei tillitsfolka årsmøtet har vald til eit sammøte vår og haust.
  6. Valnemnda skal koma med framlegg på kandidatar til dei tillitsverv som står på val. Framlegget skal prentast og leggjast ved årsmøtepapira.
  7. Lov for Hordaland Ungdomslag og styreføresegner for Hordaland Ungdomslag skal prentast i årsmeldinga.

Etter grunngjeve framlegg frå styret kan årsmøtet endra styringsføresegnene med vanleg fleirtal.

Til toppen

Føresegner for Barne- og ungdomsnemnda

 

  1. Barne- og ungdomsnemnda skal gje råd til styret i Hordaland Ungdomslag i alle saker som gjeld barne og ungdom. Med barn og ungdom meinast alle medlemar under 26 år. Nemnda skal koma med framlegg og planar og gje fråsegn om saker styret legg fram.
  2. Barne- og ungdomsnemnda har m.a. desse oppgåvene:
    • Arbeide for at born og unge sjølv er med på å leggje premissane for eigne aktivitetar og får ta aktivt del i utforminga og arbeidet i organisasjonen.
    • Halda kontakt med einskildlag der barn- og unge er medlemar. Nemnda skal arbeide for at ungdomslag får i gang aktivitetar for born og unge.
    • Følgja opp tiltak frå sentralt hald og elles skaffa laga informasjon om tiltak og aktivitetar for aldersgruppa.
    • Gje tilbod om opplæring og kurs i aktivitetar for born og unge, i tett samarbeid med andre nemnder.

Til toppen

Føresegner for skriftstyret til «Hardangerjol»

  1. Styret i Hordaland Ungdomslag er hovudansvarleg for joleheftet «Hardangerjol». Årsmøtet vel eit skriftstyre på med leiar, 4 medlemar og ein varamedlem til å stå for det praktiske arbeidet. Leiaren i skriftstyret vert innkalla til styremøte i saker som vedkjem Hardangerjol.
  2. Skriftstyret skal samla stoff til «Hardangerjol», utforma bladet, skaffa lysingar, gjera avtale med trykkeri, sørgja for distribuering av bladet i samarbeid med lokallag, og sjå til at nødvendige tidsfristar for bladproduksjonen vert haldne.
  3. Leiaren i skriftstyret vert vald på årsmøtet for 1 år i gongen. Medlemane i skriftstyret vert valde for 2 år om gongen, slik at 2 av dei står på val kvart år. Varamedlemen vert vald for eit år om gongen.
  4. Skriftstyret har møte så ofte leiaren finn det tenleg eller når 3 av medlemane krev det. Det skal skrivast referat frå kvart møte.
  5. Det vert ført eige rekneskap for joleheftet. Medlemane sine telefon- og reiseutgifter i samband med bladproduksjonen vert dekka av driftskapitalen til joleheftet. Rekningane må attesterast av leiaren i skriftstyret.
  6. Skriftstyret skal leggja fram årsmelding om drifta av joleheftet innan årsmøtet i fylkeslaget, og sørgja for at rekneskap blir ført og lagt fram for årsmøtet til førebels godkjenning.

Til toppen