Fylkesstemna for born 2019

Hordaland Ungdomslag Dans, Fylkesstemna, Musikk, Teater

Fjærland Ungdomslag, saman med Hordaland Ungdomslag og Sogn og Fjordane Ungdomslag, skipar til fylkesstemne for born helga 14.-16. juni 2019. Stemnet vil gå føre seg på ulike stadar i Fjærland.

Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument eller held på med anna aktivitet i fylkeslaga. På stemnet vert det ulike aktivitetar, stemnetog, dans, disko, uteaktivitetar, kiosk, underhaldning, overnatting på camping/klasserom, leik og moro.

Påmeldingsfrist til stemnet er sett til den 1.april 2019. Faktura vert tilsend etter dette. Vil de vita meir om stemnet, ta kontakt på e-post fjaerlandul@outlook.com eller telefon 95702528 (bruk emne Fylkesstemne).

Stemneavgift:
Avgifta er kr 800,- for born som er medlem i NU og kr 900,- for dei som ikkje er medlem. Leiarane / føresette som er med skal betale same avgifta som borna. Stemneavgifta dekkjer alt som skjer under stemnet, men kvart enkelt lag må sjølv syte for reise til og frå stemnestaden.

Samkøyring / felles buss (HU):
Hordaland Ungdomslag (HU) jobbar med å leiga buss frå Bergensområdet til Fjærland med retur etter stemnet om søndagen. Prisen for bussreisa kjem i tillegg til stemneavgifta, og kjem på kr 200,- per person.

Samdans- / spelprogram:
Me har laga eit felles program som vert brukt i forbindelse med framsyning i løpet av stemnet (sjå program). Har dykk spørsmål om dansane eller ynskjer ei felles instruktørsamling ta kontakt.

Songdansar:

  1. Nordlandsvisa
  2. Trollgubben Lurvelegg
  3. Søte lille Mette

Musikkdansar:

  1. Seksmannsril
  2. Snuspolka
  3. Kjerringa med staven

I god NU ånd oppmodar vi til å ta med bunad eller barnelagsdrakter til bruk laurdag formiddag (i stemnetog og under framsyning) evt. på leikfest, framsyning, konsert osb.

Dei som driv med teater, dans, musikk eller andre aktivitetar er velkommen til å syna dette på laurdag under leikfesten. Me håpar mange vil bidra slik at stemnet vert mest mogleg mangfaldig!