Ungdomshus
Svært mange av ungdomslaga i Hordaland er eigar eller medeigar i eit lokalt kulturhus, ofte kalla ungdomshus. Enkelte ungdomshus har liten bruk, andre er i bruk kvar dag, året rundt. Ungdomshusa betyr mykje for folk i mange lokalmiljø, og Hordaland Ungdomslag vil hjelpe lag med hus til å utvikle desse.
Hordaland Ungdomslag tilbyr kurs innan utvikling og drift av ungdomshus, og har ansvaret for å forvalte hus der ungdomslaget er nedlagt eller ikkje er i drift i ein periode. Har du spørsmål om drift og forvaltning av ungdomshus ta kontakt med Huset i Bygda.
Stilling | Namn | Epost | Telefon |
---|---|---|---|
Prosjektkoordinator nasjonalt | Christoffer Knagenhjelm | christoffer@ungdomslag.no | 24 14 11 11 |

Ungdomshuset Haugatun i Strandebarm.