Arbeidsprogram 2018

Visjon: Hordaland Ungdomslag skal vera støttespelar, bindeledd og inspirator for den frilynte ungdomslagsrørsla i Hordaland.

1. AKTIVE UNGDOMSLAG I HORDALAND

Hordaland Ungdomslag (HU) skal i 2018 arbeida for å styrkje aktiviteten og engasjementet i ungdomslaga. HU skal vera ein synleg og positiv medspelar, og støtte ungdomslaga i deira arbeid med å skape levande lokalmiljø og gode aktivitetar.

Dette vil vi oppnå gjennom å:

1.1 Betre kontakten mellom HU og lokallaga ved månadlege infoskriv, oppdatering av nettsidene og deltaking på Facebook.
1.2 Skipa til regionale samlingar med lokallaga.
1.3 Bidra med økonomisk stønad til lokallagsaktiviterar etter søknad.

2. BARN OG UNGDOM

Barn og unge skal gjennom ungdomslaget møte eit trygt og utviklande miljø med gode aktivitetar. HU skal arbeida for å styrkje ungdomslaga si satsing på barn og ungdom.

Dette vil vi oppnå gjennom å:

2.1. Skipe til kurs for instruktørar og rettleiarar for barn og unge.
2.2. Vidareføre arbeidet med ein regional ungdomsring/dansesamlingar for Hordaland.
2.3. Arbeide aktivt med å finne arrangørar for framtidige fylkestemne for barn.
2.4. Søkje om «Bygda dansar» i Hordaland i samarbeid med dei andre aktørane innan folkedans og folkemusikk i fylket.
2.5. Skipe til ei tverrfagleg samling for ungdom i lokallaga, slik at dette kan vere ein møtestad der engasjert ungdom kan stifte nytt kjennskap og etablere eit nettverk for ungdom i fylket.

3. DET KULTURFAGLEGE ARBEIDET

HU skal vera ein kulturfagleg ressurs for ungdomslaga. HU skal spreie kunnskap om og styrkje det lokale arbeidet med amatørteater, bunad, folkedans og lagshus.

Dette vil vi oppnå gjennom å:

3.1. Arrangere kurs for instruktørar og aktørar innan amatørteater.
3.2. Skipe til kurs eller seminar for bunadsinteresserte.
3.3. Skipe til kurs for instruktørar og utøvarar innan folkedans eller annan dans.
3.4. Kontakte inaktive lokallag for å få ei statusavklaring.
3.5. Delta i samarbeidsprosjekt innan folkedans med organisasjonar og andre innan dette feltet i Hordaland: «Folkedans i Hordaland». Prosjektet har som mål å styrke folkedansen i fylket og å søkje om «Bygda dansar».

4. TILSKIPINGAR OG FASTE TILTAK

HU skal skape gode møteplassar for tillitsvalde, instruktørar og medlemmer. HU skal vidareutvikle dei faste tilskipingane og tiltaka. Vi arbeider for å være representert i samarbeids- og paraplyorganisasjonar.

Dette vil vi oppnå gjennom å:

4.1. Skipe til kurs for dei ulike aktivitetane til HU.
4.2. Skipa til Fylkesstemna for born i juni 2018 og få på plass arrangør til 2019.
4.3. Oppfordre lokallaga å sende deltakarar på NU sine arrangement i 2018.
4.4. Gje ut juleheftet Hardangerjol.