Dans og musikk

I Hordaland Ungdomslag(HU) finn du både reine danselag og ungdomslag som har dans og musikk som del av aktiviteten. I mange av ungdomslaga er folkedans den fremste aktiviteten, og HU har som oppgåve å hjelpe laga i å ta vare på og halde dei folkelege danseformene levande.

Mange ungdomslag har òg øvingar og kurs innan meir moderne danseformer, som swing, linjedans, hip-hop og salsa. Innan musikkaktivitet finn du både kor, rockegrupper, spelemannslag og folkemusikkgrupper.

Hu tilbyr kurs for instruktørar og utøvarar innan ulike danseformer. Noregs Ungdomslag har utvikla ei instruktøropplæring med eit mangfald av kurs du kan lese meir om her. Ta kontakt med styret dersom du har ynskje om instruktørkurs.

HU er opptatt av barn og unge får ta del i vår felles folkedansarv. Difor arrangerar me Fylkesstemne for born kvar vår, og dansesamlingar for ungdom som vil lære folkedans kvar vår og haust. Dersom du vil lære born folkedans har NU utviklet ressursen Folkepedia med gode dansar for born, forklart av andre born. Sjå folkepedia.no

VervNamnEpostTelefon
StyremedlemIrene Bjørkeirene.bjorke@gmail.com45205930

Foto: Kjersti Nybø