INSPIRASJONSHELG 16.-17. SEPTEMBER

Hordaland Ungdomslag Organisasjon

Helga 16. og 17. september vil Sogn og Fjordane ungdomslag og Hordaland ungdomslag invitere lokallaga i Vestland til inspirasjonshelg! Me lovar eit variert program, basert på ynskje frå lokallaga. Vi vil også ha fokus på å knyte nettverk og bli kjente med kvarandre.

Tid: laurdag 16.september kl. 12.00 – sundag 17.september kl. 14.30

Stad: Gimle kulturhus, Kong Oscars gt 15, Bergen

Overnatting og middag: Quality hotel Edvard Grieg, Sandsli. Ligg langs bybanetraseen til Flesland flyplass, felles reise for dei som ynskjer det.

Pris: 700 kr. Faktura vert sendt til lokallag. Ynskjer du overnatting frå fredag til laurdag er prisen 1290,- (ev 1490,- for to personar i eit dobbeltrom).

Påmelding: https://forms.gle/ASfS4GNA1eJ2VxXS6

Påmeldingsfrist: Sundag 20.august

Me startar med lunsj kl.12.00 på laurdagen. Deretter vert det kurs i økonomi, der deltakarane oppfordrast til å komme med ynskje i førekant. Så får me besøk frå ALLE MED, ein initiativ starta av frivillige organisasjonar for å gje alle born og unge moglegheit til å delta i lokale fritidsaktivitetar. Målet er at me skal bli bevisst på barriere for deltaking i vårt ungdomslag, slik at me kan redusere desse.

Laurdag kveld blir det middag og sosialt samver på Quality Hotel Edvard Grieg frå kl. 19.00.

Sundag startar kl. 10.00 med fokus på lokalt bunadsarbeid. Me har fått med oss Ann Lundekvam til å fortelje om sitt arbeid med bunad. Deretter vil generalsekretær i NU, Magni Hjertenes Flyum, leie ein økt med fokus på aktivitet i ditt lokallag. Kanskje dykk allereie har tankar om eit prosjekt, ein aktivitet eller et arrangement de vil starte eller forbetre? Eller kanskje de har fått ein ide i løpet av helga? Ved hjelp av kyndig rettleiing og drøfting kjem ein gjerne eit steg nærare gjennomføring. Det vil også vere mogleg å få oppfølging i etterkant, som tilbakemelding på ev. søknadar. I tillegg vil me sjå på Canva, eit gratis designverktøy for utforming av plakatar og brosjyrar.  

Vel møtt!