Kva vil me med HU?

Hordaland Ungdomslag Organisasjon

Hordaland Ungdomslag (HU) er fylkeslag for 40 lokallag i Noregs Ungdomslag. Fylkeslaget skal vere eit bindeledd mellom lokallag og NU sentralt, og bidra til informasjonsflyt og auka aktivitet i lokallaga. Dei siste åra har det vore lite kontakt mellom fylkeslaget og lokallag, og på årsmøtet i HU i 2022 var det framlegg frå det dåverande styret om å legge ned fylkeslaget. Årsmøtet valde eit nytt styre, som har som hovudoppgåve å sjå på framtida til HU.   

Dersom fylkeslaget skal fungere, må det vere basert på lokallaga sine behov og ynskje. Styret i Hordaland Ungdomslag ynskjer difor å møte alle lokallaga for å høyre kva dei tenkjer om HU si rolle. Kva ynskjer ditt lokallag at Hordaland Ungdomslag skal vere? Korleis kan HU støtte opp om aktiviteten i ditt lokallag? Treng me Hordaland Ungdomslag?  

Me inviterer til fylgjande møte i haust:  

Torsdag 22.september:  Hardanger,  Ungdomshuset Jonsvoll (Jondal Ungdomslag), Brekke 3, 5627 Jondal 

Måndag 26.september: Voss, Ungdomshallen (Voss ungdomslag), Uttrågata 18,5700 Voss 

Tysdag 4 oktober: Nordhordland, Haugatun samfunnshus (Lindås ungdomslag), Fjellangersvingane 314, 5955 Lindås 

Torsdag 20.oktober: Bergen, Gimle (Bergen ul Ervingen), Kong Oscars gate 18, 5017 Bergen 

Torsdag 27.oktober: Osterøy, Kongshall (Valestrand ungdomslag), Hamrenesvegen 17, 5281 Valestrandsfossen (ferge 20:45 eller 21:15).  

Tysdag 01.november: Digitalt (lenke vert sendt ut i forkant av møtet) 

Alle møta startar kl. 19.00 og held på til ca. 20.30.  

Vel det møtet som passar deg best.  

 
Påmelding ei veke før den aktuelle datoen til hordaland@ungdomslag.no 

Me ser fram til å treffa dykk! 

Vennleg helsing styret i Hordaland Ungdomslag 

Borghild M. Opdahl, Gunn Inger Sture og Marit Kvamen