Søk på Folkemusikkstipend

Hordaland Ungdomslag Dans, Musikk, Ymse

Hordaland fylkeskommune gjev ut fleire stipend til utøving og arbeid med tradisjonsinstrument, vokal tradisjon og folkedans. Søknadsfristen i år er 1. juni.

Stipenda kan tildelast musikarar, songarar og dansarar, og deg som arbeidar med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. I vurderinga vert det lagt vekt på kunstnarleg og fagleg nivå og kjennskap til feltet. Søkjar må vere busett i Hordaland.

Folkemusikkstipend – eitt stipend á kr 50.000

Folkemusikk Ung – to stipend á kr 25.000 til søkjarar under 30 år

Det vert ikkje gitt støtte til offentleg godkjend utdanning som til dømes gjev rett til studielån. Stipenda er meint å gje høve til ein periode med fordjupning og / eller fagleg påfyll og utvikling.

Les meir om stipenda og søkekriteria på Hordaland fylkeskommune sine sider.

 

Bilete: Fjorårets vinnarar, Berit Opheim, Silja Solvang og Maria Skjeldrum Toppe. Foto: Knut Utler