Helga 16. og 17. september vil Sogn og Fjordane ungdomslag og Hordaland ungdomslag invitere lokallaga i Vestland til inspirasjonshelg! Me lovar eit variert program, basert på ynskje frå lokallaga. Vi vil også ha fokus på å knyte nettverk og bli kjente med kvarandre. Tid: laurdag 16.september kl. 12.00 – sundag 17.september kl. 14.30 Stad: Gimle kulturhus, Kong Oscars gt 15, …
Årsmøte 2023
Årsmøte i Hordaland Ungdomslag er sundag 19.mars kl. 12 – 16 i Åsatun (lagshuset til Åsane ungdomslag – Forvasshaugen 6, Åsane). Me vil mellom anna diskutere vegen vidare for Hordaland Ungdomslag. Etter ein haust med fleire gode innspelsmøte og telefonsamtalar med kontaktpersonar frå mange av lokallaga har styret utarbeidd eit forslag til årsmøtet. Dette forslaget, med litt bakgrunn og grunngjeving, …
Kva vil me med HU?
Hordaland Ungdomslag (HU) er fylkeslag for 40 lokallag i Noregs Ungdomslag. Fylkeslaget skal vere eit bindeledd mellom lokallag og NU sentralt, og bidra til informasjonsflyt og auka aktivitet i lokallaga. Dei siste åra har det vore lite kontakt mellom fylkeslaget og lokallag, og på årsmøtet i HU i 2022 var det framlegg frå det dåverande styret om å legge ned …
Bli med på Sommarleiren 2022!
Sommarleiren 2022 blir arrangert den 28. juni – 3. juli på Trøndertun folkehøgskole i Melhus. Noregs Ungdomslag har flytta fristen for sommarleiren til 15. juni, og håper at så mange som mogleg av medlemmane i aldersgruppa 13-25 blir med! I år blir det langkurs der ein kan vere med å lage teaterframsyning heil frå idè til framsyning på scena, lære …
Årsmøtereferat 2018
ÅRSMØTE HORDALAND UNGDOMSLAG 2018 Åsatun, 18. mars 2018, kl. 12:00 Frammøtte: Styret i HU: Øystein Rambjørg, Strilaringen; Irene Bjørke, Bergen ungdomslag Ervingen; Lisbeth T. Liland, Fana ungdomslag; Oddrun E. Larsen, Strilaringen; Hilde Jordahl, Åsane ungdomslag; Lokallagsrepresentantar: Torgrim Ljones, Bergen ungdomslag Ervingen; Ida Haugen Skulstad, Nordbygda ungdomslag; Hanne Yndestad Aadland, Nordbygda ungdomslag. Andre: Annbjørg Fadnes Kyrkjebø, rekneskapsførar; Thomas Kristianssen, UngVest. Før …
Årsmøte 2018
Hordaland UL sitt årsmøte vert sundag den 18. mars 2018, kl. 1200 i Åsatun i Åsane, like ved Gullgruven. Her finn du årsmøtepapira: Sakspapir til HU-årsmøtet mars_2018 Framlegg om endring av organisasjonsstruktur og føresegner
Minneord etter Brit Mary Heggeli
Like over nyåret fekk styret og nemnder i Hordaland ungdomslag (HU) den triste meldinga om styreleiar Brit Mary Heggeli sin bortgang den 1. januar 2017. Dette etter at ho tapte kampen mot kreftsjukdomen som vart oppdaga hausten 2015. Det er med vemod eg tenkjer attende på hausten 2007 og tida fram mot årsmøtet i HU vinteren 2008. Eg var medlem …
Fylkesstemna for born 2017!
Vel møtt til Fylkesstemna for born 9.-11. juni 2017 Bergen ungdomslag Ervingen, saman med Hordaland Ungdomslag skipar til fylkesstemna for born helga 9.-11. juni 2017. Me vil med dette invitera alle lag i Hordaland til ei fin helg i Bergen. Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument, eller held på med anna aktivitet. På stemna …