Årsmøte i Hordaland Ungdomslag

Årsmøtet er det høgste organet i fylkeslaget. Det blir halde årsmøte kvart år innan 25. mars. På desse sidene legg me ut sakspapir og protokollar.
 

§ 5 Årsmøtet

  1. Årsmøtet skal haldast kvart år innan 25 mars. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller 1/3 av alle ungdomslaga krev det.
  2. Lokallaga som hadde inntil 50 medlemmar i meldingsåret har rett til 2 utsendingar til årsmøtet. Deretter 1 utsending for kvar påbyrja 50. medlem. Ikkje noko lag kan ha meir 5 utsendingar.
  3. Lokallaga som har sendt årsmelding og har betalt årspengar, har rett på utsendingar.
  4. Utsendingar frå lokallaga skal veljast på årsmøtet eller eit lagsmøte.
  5. Årsmøtet vel leiar, 2 faste styremedlemar og 3 varamedlemer til styret, 2 ettersynsfolk og dei nemndene som til ei kvar tid er naudsynte. Ein representant frå kvar nemnd skal samstundes vera medlem av styret. Leiaren vert vald serskild for eit år om gongen, dei to faste styremedlemene vert valde for 2 år om gongen, slik at ein står på val kvart år. Varamedlemene vert valde for eit år om gongen. Leiaren og dei to faste styremedlemene utgjer AU.
  6. Årsmøtet vel utsendingar til årsmøtet i Noregs Ungdomslag.
  7. Årsmøtet vel éin representant med personleg vara til styret i Hardanger folkemusikksamling.
  8. Årsmøtet skal ta stode til årsmelding, revidert rekneskap, arbeidsprogram, budsjett og andre saker som styret legg fram.
  9. Innkalling til årsmøtet skal sendast ut minst ein månad føreåt saman med sakliste. Saker einkvan vil ha med på saklista til årsmøte må vera styret i hende innan 1. februar.
  10. Røysterett har styret i fylkeslaget, og utsendingar frå lokallaga når dei har betalt årspengane for meldingsåret. Talerett, men ikkje røysterett har ein av frå kvar av dei årsmøtevalde nemndene .

For val og vedtak gjeld dei same reglane som for årsmøtet i Noregs Ungdomslag.