Hordaland Ungdomslag er eit fylkeslag av Noregs Ungdomslag. Lokallaga våre driv ein allsidig aktivitet med teater, revy, dans, spelemannslag, ungdomsklubber og mykje meir. Dei fleste laga eig og driv eigne ungdomshus til glede for heile bygda!
Foto: Kjersti Nybø
Lær deg springar frå Fana!

8.-10. februar arrangerer Fana ungdomslag kurs i springar frå Fana. Kurset høver både for nybyrjarar og for dei som ynskjer ei lita oppfrisking.
Instruktørar på kurset er Ingerid Helle Soltvedt og Ole-Petter Soltvedt, og Anne Vedvik og Gjermund Mildestveit.
Fylkesstemna for born 2019 i Fjærland

Fjærland Ungdomslag, saman med Hordaland Ungdomslag og Sogn og Fjordane Ungdomslag, skipar til fylkesstemne for born helga 14.-16. juni 2019.
Påmeldinga er open!
Syng og leik i lag!

Foto: Selja forlag / Astri Sudmann
Sudmann vil gjerne løfte fram dei gode, gamle songleikane. I fleire år har ho samla songleikar, og no presenterer ho eit utval i boka: «Syng og leik i lag. 65 songleikar for store og små», utgitt på Selja Forlag. Der er alle leikane utstyrt med notar, tekst, bilete og enkel rettleiing.