Hordaland Ungdomslag

Hordaland Ungdomslag (HU) vart skipa i 1898, og er ein kulturorganisasjon med over 2000 medlemmer fordelt på 48 lokallag i heile Hordaland. Mykje av aktiviteten er knytt til folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar.

I 1992 vart Hardanger Ungdomslag slått saman med HU.

Hordaland Ungdomslag er eit fylkeslag i Noregs ungdomslag, og er ein av dei leiande kulturorganisasjonane i Hordaland. Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Ved å styrke enkeltindividet gjennom å utøve tradisjonelle og nye kulturuttrykk og lære å organisere dette, styrker vi samtidig samfunnet og demokratiet.

Fylkesstemne for barn på Voss 1971

Fylkesstemne for born på Voss 1971