Minneord etter Brit Mary Heggeli

Hordaland Ungdomslag Organisasjon, Ymse

Like over nyåret fekk styret og nemnder i Hordaland ungdomslag (HU) den triste meldinga om styreleiar Brit Mary Heggeli sin bortgang den 1. januar 2017. Dette etter at ho tapte kampen mot kreftsjukdomen som vart oppdaga hausten 2015.

Det er med vemod eg tenkjer attende på hausten 2007 og tida fram mot årsmøtet i HU vinteren 2008. Eg var medlem i valnemnda til HU, og saman med dei andre i nemnda arbeida me iherdig med å finne tillitsvalde til HU sine mange nemnder og utval. Den største utfordringa den gong som no var å finna nokon som var viljuge til å ta på seg leiarvervet i HU.

Eg og dei andre i nemnda ringte rundt til leiarar og andre tillitsfolk i dei mange ungdomslaga me har i Hordaland. Eg kjende den gong lite til HU og dei lokallaga som var medlemar av HU og Noregs ungdomslag (NU). Me leita opp aktuelle ungdomslag og tillitsvalde i dei for å spørje etter aktuelle kandidatar. Hjå Tørvikbygd UL fekk eg namnet til Brit Mary Heggeli, og etter å ha snakka litt med henne takka ho ja til leiarvervet.

Lite visste eg da at Tørvikbygd UL ikkje lenger var medlem av HU og NU, men dette løyste me etter årsmøtet med
eit medlemskap i Innstranda UL like i nærleiken av Tørvikbygd. Seinare vart ho medlem av Strandebarm UL.

Foto: Andreas Løken / Noregs Ungdomslag

Eg var sjølv medlem av HU sitt arbeidsutval (AU) dei første åra Brit var leiar, og vart etter kvart godt kjend med henne. Ho var ein engasjerande leiar som klarte å engasjere folk. Ho hadde og ein stå-på-vilje ein i dag skal leite lenge etter for å finne. Ho hadde ofte ein kjapp replikk på lur, og ho var opptatt av og særs stolt over alt ungdomslaga i HU fekk til av aktivitetar.

Me hadde sjølvsagt mange gode diskusjonar den tida eg sat i styret. Me var ikkje alltid samde, men me fann som oftast ei god løysing på sakene me drøfta og elles arbeida med, og gjekk frå møta som vener.

Brit var og særs aktiv og deltok på alle dei møta ho hadde høve til å delta på for å representere HU. Det vart i den samanheng mange reiser for henne land og strand rundt om i fylket og elles i landet på NU sine landsmøte og leiarsamlingar. Dette engasjementet står det stor respekt av.

Eg minnast siste gong eg snakka med Brit. Det var den 28. november 2016. Det var kalla inn til styremøte i HU denne kvelden, og eg hadde og fått innkalling sjølv om eg berre var medlem av leiknemnda. Eg kunne diverre ikkje delta, og ringte difor til henne for å fortelja dette. Ho kunne heller ikkje delta grunna sjukdomen. Ho hadde knapt stemme grunna ein operasjon ho nyleg hadde hatt i halsen, men ho snakka likevel med meg ei stund.

Ho fortalde meg at ho ikkje hadde så gode prognosar for framtida lenger, men eg oppmuntra henne så godt eg kunne. Eg sa mellom anna til henne at eg i det minste håpte ho fekk leve til over nyttår. Det fekk ho med minst mogleg margin!

Eg håpar ho fekk ei riktig så fin julefeiring saman med sine næraste, og at nyårsaftan vart ei like så fin markering for henne før ho sovna stille inn 1. nyttårsdag.

På vegne av Hordaland ungdomslag og Hordaland Barne- og Ungdomsråd (HBUR) vil eg med dette takke Brit Mary Heggeli for alt det gode arbeidet ho har lagt ned for HU og elles for barn og unge i Hordaland.

 

Øystein Rambjørg
Fungerande leiar HU og avtroppande styreleiar HBUR