Årsmøte i Hordaland Ungdomslag er sundag 19.mars kl. 12 – 16 i Åsatun (lagshuset til Åsane ungdomslag – Forvasshaugen 6, Åsane).
Me vil mellom anna diskutere vegen vidare for Hordaland Ungdomslag. Etter ein haust med fleire gode innspelsmøte og telefonsamtalar med kontaktpersonar frå mange av lokallaga har styret utarbeidd eit forslag til årsmøtet. Dette forslaget, med litt bakgrunn og grunngjeving, finn de vedlagt. Det er framleis ei stund til årsmøtet, men styret vil gjerne at lokallaga skal ha god tid til å diskutera forslaget dersom dei vil det.