Vel møtt til Fylkesstemna for born 15. – 17. juni 2018

Hordaland Ungdomslag Dans, Fylkesstemna, Musikk, Teater

Hordaland ungdomslag skipar til fylkesstemna for born helga 15. – 17. juni 2018. Me vil med dette invitera alle lag til ei fin helg på Dyrkolbotn leirskule/fjellstove i Lindås kommune.

Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument eller held på med anna aktivitet. På stemna vert det ulike aktivitetar, dans, disco, uteaktivitetar, kiosk, underhaldning, ballspel, leik og moro. Håpar du og ditt lag vil koma til oss denne helga!

Invitasjon med stemneprogram, aktivitetar og påmeldingsskjema til stemna er sendt ut til lokallaga. Me har sett påmeldingsfrist til stemna den 30. april 2018. Faktura vert tilsend etter stemna. Vil de vita meir om stemna så ta kontakt med oss på e-post hordaland@ungdomslag.no eller tlf. 474 88 165.

Stemneavgift:
Avgifta er kr 1150,- for born som er medlem i NU og kr 1250,- for dei som ikkje er medlem (avgifta er inkl. stemneskjorte). Leiarane / føresette som er med skal betale same avgifta som borna. Husk å ta med sengesett (laken, putevar og dynetrekk) (kan ev. leigast for kr. 60,- for heile helga).

Samdans- / spelprogram:
Me har laga eit felles program som vert vist ein gong i løpet av stemna.

Songdansar: Musikkdansar:
Ikodnet stod på vollen og slo Klappdans
Eg veit ei lita jente Barnereinlender
Ro fjorden Tretur frå Bjerkreim
Små sporven Ril frå Dønna
Kråkevise frå Vesterålen Snuspolka
Sulle rulle gulldokka mi Bamsefar

Framsyning, utstilling, konsert
Dei som driv med teater, foto, kunst, dans, musikk eller andre aktiviteter er velkommen til å vise dette i løpet av helga. Me håpar mange vil bidra slik at stemna vert mest mogleg mangfaldig!

Vel møtt, alle saman!

Aktivitetar på fylkesstemna for born 2018

Program fylkesstemna 2018

Påmeldingsskjema born

Leiarpåmelding